mandag 5. desember 2011

Kamp mot kven?

I Morgenbladet 46 drøftar Ane Farsethås det politiske ved Knausgårds Min kamp. Ho påstår Knausgård er kontrær, han er mot noko, litt uvisst kva, og i kor stor grad han eigentleg skil seg frå det han opponerer mot. Ho konkluderer med at vi nyt han best utan det politiske i høgsetet. Ho drøftar tilsynelatande både venstre- og høgresida, men utan å nemne det eg ser som den primære konflikten -  kampen om ein vil - på dagens kulturelle arena.

I byrjinga var det solstadske ordet?
Klassekampens Hverven blir sitert på at "Store norske romaner har … vært skrevet opp mot Solstad og Fløgstad og den type venstreintellektuelle … Knausgård … prøver noe annet." Farsethås sitt poeng er at dei kanskje ikkje er så forskjellige, det går eit individualistisk spøkelse gjennom begge, og kanskje var det heller Jon Fosse som var første skeptikar til sosialdemokratisk utopi. Uansett er både Solstad og Knausgård intellektuelle skrivande. Men kvifor skal ein alltid dra fram Solstad i debatten om bøker og politikk, som dette jo er? Han var blodraud på syttitalet, har no blitt mindre raud, la gå. Men kva med dei han og alle andre som prøver å skrive noko originalt kjempar mot i det daglege, kvifor nemner ingen dei?

Dei kulturinteressertes kamp
Det er på høg tid at tittelen "Min kamp" kjem på dagsordenen. Det er merkeleg at det ikkje har skjedd før, at familiekonflikten og personlege spenningar har fått lov til å overskugge. I bind nummer 6 kjem omsider drøftinga av Hitlers original. I artikkelen sin kjem Farsethås inn på Anders Breivik, som seg hør og bør, tydelegvis, viss ein nemner Hitler i Noreg no for tida. Det er altså den vanlige spenninga som blir teikna opp, frå Akp/ml på syttitalet til nazistar. Men kor blir det av hovudkampen? Er det ikkje lov å snakke om den? Alle politiske parti i Noreg snakkar i vekslande grad om kultur og litteratur. Men eitt parti skil seg ut, dei er kjent for å konsekvent gjere kulturpolitikk til salderingspost - Framstegspartiet. For å sette det litt på spissen: Kvifor skal vi kjøpe inn bøker og gi forfatterar stipend når det ligg folk på gangen på sjukeheim og sjukehus? Og når små bedrifter som prøvar å komme seg opp, blir drukna av skatt og avgifter?
      Det er ikkje slik at Frp er mot bøker. Dei likar bøker som folk flest likar, slike som folk kjøper på ærleg vis, fordi dei er interessert i denne vara. Dei er jo folkets parti, som dei seier. For å halde Knausgårds noko uvanlege opplagstal utanom, likar dei altså Ragde, Nesbø og Samartin, slike som ikkje treng sårt tiltrengte sjukeheimsmidlar for å overleve. Kvifor blir ikkje dette omtala oftare i Morgenbladet og andre media som det det er, ein kulturkamp mellom dei som likar/ er interessert i kunst, kultur og litteratur og dei som ikkje likar slikt, og heller ikkje vil vere med på å betale for det? Enten må det vere arroganse: Dette veit vi. Slik er det. Vi gidd ikkje bruke spalteplass på dei som stemmer Frp. Det er under oss. Eller ein slags kjensle av konsensus: La gå, vi skal ikkje snakke stygt om dei som ikkje likar kultur. Vi er alle nordmenn. Men er det rett mot kulturen? Treng vi ikkje heller ei tydeleg røyst som klårt går ut og forsvarar Solstad og Knausgård, og ikkje plaskar rundt i badekaret med dei eventuelle forskjellane dei i mellom? Er det ikkje greit å seie frå at vi synes ikkje lenger det er flaut å bruke tid på å lese vanskelege bøker, vi synes det er heilt greitt å betale, via skattetrekket, for at også ein smal kunstnar kan lage verk som ikkje trekker nok publikum til å forsvare det kommersielt?

mandag 3. oktober 2011

Satan i kyrkja/ børsen i katedralen

Bergen offentlege bibliotek har flott ny webside, krydra med tiltak for å trekke fleire besøkande, eventuelt trigge merksemd i media, dei fekk oppslag med ein Knausgård-konkurranse. Ein annan ting er:"Bergen leser", bergenserane skal kåre si favorittbok. Llista er no endeleg, ein stemmer på ti kandidatar. Slik strategi er så moderne og i tida at både kommune- og fylkestingspolitarar græt av glede, dette er nytenking og brukarvennlegheit, det er dynamisk og utadvendt. Og biblioteket skal vere for folket. Ein skal kunne låne alt hjartet ønsker av kulturprodukt, uavhengig av inntekt og status. Men skal det vere av folket? Når ein legg opp til slik publikumsstyring er det inga bombe at det er dei florlette bestselgarane som hevdar seg. Det er dei bøkene ein får kjøpt overalt, i butikk, på flyplassar, på tog, i daglegvarebutikkar, det er underhaldningsbøkene, det er Zafon, Nesbø, Samartin, Hislop og sjølvsagt Knausgård. Folk flest likar ikkje bøker, filmar og musikk med krav om konsentrasjon, eller med innebygd motstand, eller særleg originalitet, til meir originalt, til vanskelegare er det å kjenne seg igjen, noko som visst er eit krav. Bøker, til dømes, kan gjerne vere lange, så lenge plottet er lett å følgje med på og dreier seg om oppklaring av eit mord, eller ser tilbake på ein sår men sødmefylt oppvekst, og sjølvsagt, har nok love interest. Dette er ikkje noko nytt, dette veit jo òg biblioteket. Er det då rett at dei "leflar" med folket sin smak, at dei slik hevar det som allereie sel i bøtter og spann opp på den kulturelle pidestallen? Bør dei ikkje heller prøve å formidle noko anna enn det som skrik mot oss på Narvesen og i tv-reklamer?
      På ungdomsskulen er det knallhardt konformitetspress, ein vil for einkvar pris ikkje skilje seg ut, ein vil ha same buksa som alle andre, må vere kul på håret, ha rett mobil. Men allereie på vidaregåande byrjer det å slå sprekker, vi lærer at det er lov å vere annleis, snart er ein til og med gammal nok til å stemme. Vi byrjer forhåpentlegvis å tenke over dette med grunnar, kva likar vi, kva er viktig, og kvifor? Er det god nok grunn til å like noko at alle andre likar det? Det har vel skjedd eit og anna i nær historie som seier sitt om kva som skjer når alle går i flokk, korleis det går når alle meiner det same. Bøker er ikkje det viktigaste i livet. Det er berre eit kulturprodukt av mange. Men altså eit produkt. Når eg kjøper ny bil, spør eg ikkje ein tilfeldig fyr på gata om kva som er best. Eg prøver å spørje ein som har vit på bilar, ein slags ekspert, eventuelt ein bilselgar viss eg er heilt opprådd. Det beste med biblioteket er jo at det jobbar ekspertar der, ekspertar med utdanning som har lest i haugar og dungar med bøker. Er det ikkje betre at folket spør dei, i staden for at biblioteket står med hatten i handa og spør folket?

mandag 12. september 2011

Kva kviskrar blodet?

I Morgenbladet nr 33s melding av Jan Kjærstads nye bok kjem ein overraskande påstand: "Årets Kjærstad-roman kan ikke vende den norske litteraturen bort fra blodets hvisken og benpipenes bønn –". Det var svært gledeleg å lese at norsk samtidslitteratur altså fortsett i sporet til kanskje verdens fremste forfattar. Kjærstad skulle skamme seg, prøve å snu dette, nei? Men påstanden fortsett med eksempel på samtidig "blodkviskring": "til det skriver Ørstavik, Espedal, Gulliksen og Knausgård for godt." Godt skriv dei kanskje, men kor er linken til Hamsun? Programerklæringa til den ( relativt ) unge Hamsun skulle sette han i opposisjon til det han meinte var den regjerande, gamaldagse, stivna litteraturen, ho skulle forklare at han skreiv det han høyrte når han lytta til sitt indre liv. Dette skreiv han på ein måte som har lite til felles med sobre, nøye gjennomtenkte og knallhardt bearbeidde skildringar av oppvekst og familiekonflikter, nærmast kammerdrama. I byrjinga, og i "Redakør Lynge", tenkte nok òg Hamsun at dette var "hans kamp" mot røkla. Men så er det at blodet hans ikkje ville følgje logikken, det pumpar liksom i rykk og napp. Og av og til går kviskringa over til roping. Slikt blir ikkje dekt av introspeksjon, reflekterande undring og sandpussa setningar, det blir forsøkt framstilt i noko nytt, dels spontant, kokt i hop av ein uskolert raring som frivilleg slipa ned nervane. Ein kan seie mykje om Knausgård, Ørstavik & co, men dei skriv ikkje nytt, uskolert og rart, dei representerer tvert imot den regjerande litteraturen, slett ikkje fokusert på blodkviskring og beinmumling slik som opphavsmannen meinte det.

tirsdag 6. september 2011

Nei til bok i butikk, nei til Nesbø

Neste måndag er det val. Høgre, avdeling Bergen, ønsker å: "utrede muligheten for å etablere et forsøksprosjekt med bok-i-butikk, med utlån av et knippe av de mest populære titlene." Dei er ikkje åleine, "Bok i butikk" er eit av dei nye honnørorda, del av det politisk korrekte "new speak" som trenger seg fram/ inn. Samtidig les vi på Forfatterforeningens hjemmeside at talet på bokhandlar i Europa, England nemnt spesielt, går ned, dels på grunn av dette fenomenet. Og: ifølgje bokmeldarsjefen i Bergens Tidende kjem det ut så mange bøker i Noreg at berre halvparten blir nemnt/ meldt. Som ho meiner kan betrast med betre redaktørarbeid. Det er vel så, problemet er først og fremst den allestadsnærværande og på grensa til heslege overeksponeringa av 3-4 forfattarar, som verkeleg skuggar for alle andre. Aviser og andre media tenker: Desse er så populære, dei lyt vi melde så snart bøkene er trykte, helst før, og så lage mange oppfølgjing på. Blir dei mindre populære av dette, skal tru? Bok i butikk betyr: ENDÅ meir Nesbø, ENDÅ meir Ragde. Ein skulle kanskje ikkje tru det var mogleg, men jo, visst er det slik. Vent og sjå. Sei NEI til Bok i butikk, sei nei til endå meir überkommersialisering av litteraturen, sei nei til det "alle" og "folket" likar.

tirsdag 23. august 2011

Ikkje spreng biblioteket

Oslo har sitt litteraturhus, ålreit, Bergen får snart sitt. Det er mykje snakk om kva det skal innehalde, korleis det skal organiserast og kor pengane kjem frå. Nokre lokale forfattarar har hivd seg inn i debatten i BT og BA med meiningar om dette, eg synes det er viktigare å verne om biblioteket. Det er viktig at eit eventuelt litteraturhus ikkje grip inn i biblioteket sine sårt tiltrengte bevilgningar, og det er utruleg viktig at biblioteket får lov til å vere bibliotek, at det ikkje blir sprengt ut til å vere eit kultur-/samfunnshus der ein risikerer å gå seg på alt frå matkurs til utgyting av flow frå lokale rapperar. Eit utdrag her frå gårsdagens innlegg i BA:

"først og fremst må angsten vekk. Bibliotekarar må bli sikrare på at den jobben dei har gjort er god nok, at det er bøker dei primært skal drive med, og ikkje suse rundt som fleksible kulturkonsulentar, arrangørar og ”innkastarar”. Dei må ikkje vere redde for å ikkje vere ”kule” nok. Og kulturpolitikarar må slutte å reparere det som fungerer, eller har fungert til no. Biblioteket har ingenting i ein sekkepost å gjere. Har det hamna der, er det av manglande forståing av både kva eit bibliotek og ei bok er. Det er ei skam for byar og middels tettstader å ikkje ha eit godt fungerande bibliotek med godt nok lønte tilsette som veit kva samlingane inneheld, og kva dei kan få tak i viss det manglar. Det er eit tydeleg signal om at ein der ikkje bryr seg verken med danning, kulturliv eller kollektive minne. Det er på andre sida slett inga skam å ikkje ha noko litteraturhus. Det gjenstår å sjå kva og korleis dette blir, men det virkar veldig galt å la det ete seg inn på biblioteket sine bevilgningar, eller sprenge ut definisjonane av biblioteket, tvinge det til å vere noko anna, usikker på si eiga rolle."

torsdag 28. juli 2011

Respekt for Utøya

dei siste dagane har ymse kollegaer ytra seg i avisene om massakren på Utøya. Men av og til er det ikkje så mykje å forstå. All vondskap kan ikkje forståast. Ein skal vere svært forsiktig med offentlige tolkningar på dette tidspunktet. Ein har ikkje einerett på forståing berre fordi ein driv med ord i yrket sitt.


But words are words; I never yet did hear 
That the bruised heart was pierced through the ear. - Othello

onsdag 15. juni 2011

Eit sukk over tapt ironi

Det var tittelen på ein kronikk publisert søndag 12.juni i Vg. Eg er stor tilhengar av ironi, og meiner det er feil at denne i dag kontinuerleg blir spytta på og latterleggjort av kritikarar og forlagsredaktørar. Det noverande fokuset på "sanning" og såkalla inderlegheit føles klamt og kreativt knugande. Som det heiter i kronikken: "Det noverande jaget på sanning og inderlegheit ligg fast, ute av stand til å lee på seg, som ein stranda kval". Litteratur er like lite eigna no som før til å finne ut kva som er sant, det einaste som har endra seg er det desperate søket etter "det ekte". Dette har også ført til det fule fokuset på skildringar av smått og stort i samtidslitteraturen, men framfor alt småtteria. Det er visst alfa og omega at folk kjenner seg igjen, då må både oppvaskkosten og den nye barnehageassistenten djupt og inngåande skildrast. Dette går sjølvsagt utover det som trass alt er det viktige med ( gode ) bøker: Fantasi og originalitet. Denne kronikken kan gjerne lesast i samanheng med: "Norskesjuka", eit innlegg publisert i Dagbladet i november i fjor, nett og papir, det er meint som ei kampanje. Det er dessverre sant at det blir gitt ut for mange bøker i Noreg, fordi det kjem for mange kjedelege bøker. Dette må skildringsveldet og det heilage kravet om å kjenne seg igjen ta skulda for. Ei bok er ei bok er ei bok, ho er ein i utgangspunktet verdig konkurrent til anna underhaldning og ei potent kunstform. Ho er ikkje eit tidsdokument om ein trasig og bitteliten kvardag frå eit bittelite land.

tirsdag 31. mai 2011

Dylan og det hip( pie )kule universitetet

På Morgenbladets framside fredag 20.mai stod:”Bob Dylan som universitetsfag er en suksess”. Knut Schreiner rapporterer frå sitt år som student på dette faget. Det er på tide ”at Dylan nå studeres.” Førsteamanuensis Reidar Aasgård får ”honnør for å fornye Universitetet ved å ta de sentrale representantene for populærkulturen på alvor”. Dylan er uangripeleg i sin originalitet på plater og konsertar gjennom fleire tiår. Problemet er berre utgangspunktet, det at det er eit fag ein studerer, for så å ta eksamen. Kanskje er det ikkje eit problem, kanskje er det berre Schreiner og hans like der som ikkje er avhengig av å bruke studiet til jobb, eller såkalla ”dylanologar”, eit harmlaust ”studium” der ein dyrkar hobbyen sin. Men tenk om det er studentar der som ikkje er etablerte folk med jobb, studentar med lån frå Lånekassa? Det kan virke slik, i og med at det er førsteamanuensisar der, og heimeeksamen som fagleg mål? Og i og med at det har fagkode er det neppe grunn til å bruke hermeteikn kring ordet studium heller? Det er lite kult å spørje, men likevel: Kva jobb har dei tenkt å få seg, studentane som avlegg eksamen i ”Bob Dylan – tradisjonstolker og kulturspeil”? Men Schreiner seier jo at:”Å ha innsikt i rockens sentrale fortellinger og motiver, og dens detaljerte kodefellesskap, burde være en nyttig kompetanse i vår tid.” I vår tid tenker arbeidsgivarar fleksibelt, dessutan er det det same kva fag ein tek, det er like mykje snakk om å lære seg ein tenke- og arbeidsmåte som kan brukast i forskjellige samanhenger. Det viktigaste er dessutan å velje noko ein er interessert i, som rådgivaren min sa til meg då eg sjølv gjekk siste året på vidaregåande. Kvifor kjenner eg då ingen religions- eller kunsthistorikarar, eller litteraturvitarar, og knapt nokon humanistar i det heile med fagleg relevante jobbar, meg sjølv inkludert? Å, men eg tenker feil. Som det står i artikkelen:”Professor Bernt Hagtvet har de siste årene etterlyst sterkere vekt på dannelses-prinsippet ved Universitetet, både hos studenter og forelesere.” Det blir uansett ei dyr danning. Er ikkje danning noko som blir grunnlagt før ein blir myndig, og noko ein etter det sjølv har ansvar for å fortsette med i form av danningsreiser, enten dei no er bokstavelege eller metaforiske? I eit samfunnsperspektiv virkar det ikkje rett at ungdommane våre blir Eliza Doolittle og attpåtil betaler Henry Higgins i dyre dommar. Det ser pt ikkje ut til at dei eldre følgjer regjeringas oppfordring om å stå ekstra i jobben, ein framtidig auke i pensjonsalder virkar derfor uunngåeleg.
      I det idéhistoriske fagmiljøet spesielt, og kanskje Universitetet generelt er Dylan-studiet spennande, fornyande. Men er det ein suksess med tanke på framtida, er det dette vi vil med universiteta våre? Heve særinteressene våre, verdieksplodere det populærkulturelle? Det er ikkje det som ligg i prognosene frå NAV om framtidas behov. Universitetet skal vere, og har alltid vore, ein forskningsfront med interesserte akademikarar på statleg lønningsliste. Men må det vere så engsteleg for å ikkje vere ”kult” nok? Treng studentane ytterlegare spissing og ”hipstifisering”, er det ikkje allereie inndekt i djupare funderte studier som litteratur- , media- og musikkvitskap? Er det ikkje betre at Universitetet konsentrerer seg om samfunnsansvaret sitt, som faktisk er å kvalifisere til ein eller annan slags jobb? Schreiner og dylanologanes statleg finansierte auke i symbolsk kapital virkar no for dryg i forhold til andre grupper, bør dei ikkje heller fordjupe seg på AOF eller friundervisninga? Eller gjere som folk før dei, med rette, har gjort, hylle Dylan på vor- og nachspiel i staden, altså levande sosiale fora?

Demokratiets stygge, seige bakside

I går sprang "nyheita" om at 60 til 80 % av nordmenn kan tenke seg hurtigtog mellom byar i Sør-Noreg, publisert i ei spørjeundersøking. Hipp hurra. Klimakrisa rasar verda over, "alle" er einige om at "noko" må "gjerast". Fly forureinsar. Og kva blir så gjort? Ei spørjeundersøking. Ikkje eit einaste konkret tiltak, ikkje noko anna enn luftslott og telefon-oppringingar. Det er 2011, ifølgje kalenderen. Men det skulle ingen tru. Framtida dei var sikre på skulle komme i femti- og sekstiåra glir berre lenger og lenger unna oss. Amerikanarane klarte jo for svarte å sette ein mann på månen i 1969, ei utfordring dei gode, gamle alt-anna-enn-demokratiske pyramidebyggarane i Egypt kunne vore stolte av. Etter dette har det meste runne ut i sanden. Politikarane dillar og dallar, livredde for at dei "opplyste" borgarane deira skal bli sure på dei. I eit demokrati er det velgarane som har makta, må vite. Velgarar som er så oppegåande at dei til og med klarer å svare på spørjeundersøkingar og til og med logge seg på Facebook og seie kva dei meiner! Ingen må vel tirre denne gruoppvekkanda makta med å klinke til med prosjektering av hurtigtog for framtidas beste. Det skulle teke seg ut ut om dei folkevalgte gjer det minste utan å vere sikker på kva folket meiner først. Heile folket.

Hamlet, endeleg Hamlet

? Kva er favorittbøkene, då?
      ? Den, og den, og den. Ja, og så Hamlet. Må ikkje gløyme Hamlet.
      ? Mm. Nehei.
      Ein seier ikkje ustraffa at ein likar Hamlet. Eg seier det ikkje ustraffa. Seier eg det, føler eg at eg blir uglesett, stempla som arrogant, pompøs. Eg er vel i feil miljø, det blir snakka lite om bøker. Då burde eg ôg vere nøgd med å halde kjeft, i alle fall om Hamlet. Det klarer eg ikkje. Lysta kjem, med jamne mellomrom, ho boblar opp, lysta til å seie at Hamlet er ei knakande god bok. Då eg var litteraturstudent syntes eg ôg det, ein skulle tru at litteratur-studentmiljøet var idéelt for kjærleikserklæringar til Hamlet. Men nei. Kvifor snakke om noko så kjent? Ein studerer ikkje litteratur for å snakke om det alle kjenner, ein studerer litteratur for å fordjupe seg i det mest ingen kjenner til. Må ein absolutt snakke om Hamlet, og det skal ein eigentleg ikkje, må ein ha noko nytt å komme med, ei revolusjonerande nylesing, helst tufta på marginale teoretiske retningar på veg opp og fram, i mi tid var det dekonstruksjon og feminisme, no er det sikkert noko anna, eg har slutta å følgje med. Eg hadde aldri noko nytt å komme med, eg hadde knapt noko i det heile, bortsett frå ein fascinasjon og respekt som nektar å sleppe taket, om noko har han vokse seg sterkare. Eg likar Hamlet av same, platte, uoriginale grunnar som alle andre som likar Hamlet, det er språket, det er drivet, det er somlinga, nølinga, kokkeluringa, uthalinga av hemnen av farsdrapet, det er sjølve karakteren, kor han konstant vekslar mellom eufori og depresjon, før han til sist landar på ei sorgmunter og fjellstø fatalisme. Det er nok, det burde vore nok. Men så er det ikkje det. Eg blir ikkje kvitt det barnslege behovet for å shout it from the mountain top, med stadig mindre, men likevel tilstadeverande håp om å ikkje bli stempla som pompøs elitist.
      Grunnsynet mitt på Shakespeare er like lite originalt som på Hamlet, det er at det i si tid var folkeunderhaldning, at stykka har framdrift og genialt språk, men at dei ikkje er så djupe som folk i våre dagar trur. Alle kan forstå Shakespeare, ein må ikkje vere halv-, heil eller mellomstudert røvar for å ha utbytte av han. Dette grunnsynet har den ulempa at det triggar behovet for å dra den store Skalden ned i søla, nær så sagt, ein får lyst til å vise kor relevant og allmenngyldig han er. Eg prøvde på det i siste boka, Glør i sommarnatta ( som eigentleg skulle heitt Shakespeare på norsk ). Dette er fem forteljingar som alle har henta plott, handling og personar skamlaust og direkte frå Shakespeares skodespel. Det einaste nye er å omsette det til prosa, gi dei nye namn ( som i forteljinga ?Rigmor og Jesus?, der ?Rigmor? sjølvsagt er ?Romeo? og ?Jesus? er ?Julie? ) og legge miljøet til ei norsk bygd. Frekt, kanskje forkasteleg, men idéen meiner eg var god, å vise kor pregnant originalane er, ein homage. Hamlet tørte eg likevel ikkje å gi meg i kast med. Men: Som plaster på såret fekk eg skrive ?Hamlet: Historien bak?. Det er barnsleg, det er unødvendig, det er ikkje noko nytt eg har å komme med, no heller, likevel føles det så godt å få skrike ut om dette verket, til fleire tusen abonnentar og bokinteresserte. Det er Hamlet, endeleg er det Hamlet. Innlegget står i Bokvennen 4/2010, i salg no, i Narvesen-kioskar og ymse bokhandlar.

Mørke makter

Mørkt og uforståeleg  
Måtte du leve i interessante tider! Den gamle kinesiske forbanninga har slått til for fullt. Det er mykje som skjer, mykje gale, men også mykje interessant, som i teknologi og vitskap. Det er ikkje berre forskinga som går framover, også i formidlinga av resultata er det nye vindar. Internasjonalt har vi stjerner som Stephen Hawking og Michio Kaku, høgt respekterte fysikarar som også, merkeleg nok, har emna til å kommunisere kva dei held på med til oss vanlege dødelege. Dei har vist populærvitskapleg korleis forskarar prøver å forstå det mest sentrale i fysikken: Kva er universet, kva består det av, kor kom det frå.
      Hawking og Kaku har ikkje noko endeleg svar, men forklarer på fascinerande vis kvifor dei ikkje har det. Det vi ser rundt oss, det Einstein forklarte, er berre toppen av isberget, eller fire prosent, for å vere meir nøyaktig. Tjueseks prosent er mørk materie, som forskarane forstår litt av. Eit slags edderkoppnett, nesten usynleg, som held galaksane på plass, ein plastisk, samanfugande bakgrunn. Resten, størsteparten, sytti prosen, er mørk energi. Dette har dei ikkje snøring på kva er for noko. Med gjennombrota i det forrige århundret, frå Einstein og oppover, der forskarane trengte inn i alle krinkar og krokar, frå DNA og heile det menneskelege genom, til atomets minste bestanddelar ( foreløpig kvarkar ), og bygginga av det mange frykta var dommedagsmaskina, partikkelakseleratoren i hjartet av Europa, LHC i CERN, er likevel stoda slik, at vi ikkje har peiling på kva sytti prosent av universet er. Ein kan bli defaitist av mindre; no er det likevel slik at gode forskarar blir oppmuntra og motivert av motgang, utan motbakke, ingen framgang.
      Også her heime har vi stjerner, Knut Jørgen Røed Ødegård har gjort mykje for å stimulere nyfikenheit og vitskapleg undring, ikkje berre i barn. I Aftenposten 22.09. kommenterte han ei nyfinning, publisert av astronomar frå Goddard, USA, Dark Flow, mørk straum. Galakse-hopar bevegar seg i eit rasande tempo. Så usannsynleg heftig er dette tempoet, å rekne det i kilometer blir meiningslaust, at ingen kjente faktorar, som gravitasjon, kan forklare det. ?Den skyldes noe ?usett? som kanskje ikke en gang befinner seg i vårt univers. Dette er i tilfelle et hint om at vårt univers er en del av noe enda større ? et multivers.? Han knyter seg her på Hawking sin teori om multiverset, som kort fortalt er mange univers som flyt rundt som såpebobler. Stundom kolliderer såpebobler med kvarandre, dei sprekk, dette er då Big Bang. Andre gonger heng dei saman ei periode, ei dobbelboble, så og seie, då kan ormehol oppstå, snarvegar frå eit univers til eit anna. I byrjinga høgst kontroversielt, det kan no virke som opinionen i forskingssamfunnet har snudd. Dei meiner altså å sjå at det er noko utanfor universet som trekker, og det med vanvittig kraft.

Mørkt og tiltrekkande
Verdens religionar har mange felles trekk, dei er jo instruksar om korleis ein skal te seg, med varierande grad av sanksjonar for å trø gale. Dei har ôg kampen mellom det gode og det vonde, der det gode vinn, dei som sto på rett side slepp inn i himmelen, nirvana, Valhall. Denne kampen finn vi også i Star Wars og Ringenes Herre. Utan det vonde, ingen gode, utan Satan, ingen Gud, og det gode blir vel større og betre til vondare og meir utspekulert motstanderen er? Satan er fleire gonger skildra interessant, i Bibelen som erkefreistaren på klippa, med verda under seg, som intellektuell gruvlar i Miltons Paradise Lost, også i Star Wars er Darth Vader freistande, the Dark Force er ekstremt tiltrekkande, han blir stor og mektig, han som følgjer keisaren, Saruman får ôg mangedobla styrka si i i alliansen med Saurons.   
      Kva om det er Satan sjølv som trekker oss til seg? Vi høyrer jo alltid at det og det er fristande, til dømes å jobbe svart, ikkje bra, men vanskeleg å motstå. Kva om Satan har fått større og større kraft som lokkemann, og at det no går så det susar, i framtida vil han sluke vår eigen Mjølkeveg? Noko er det Märtha Louise og Snåsamannen kjenner på, det kan naturlegvis vere innbilning. Viss ikkje, kan det vere denne mørke tiltrekninga, endå så langt vekke vi er, dei kjenner det slik gamle folk kjenner vêromslag på gikta, endå sola skin, og prøver å snakke om det dei føler, dei prøver, som andre sjåande menneske gjennom alle tider, å få det ned, og ut, i språket, eit fånyttes prosjekt, fordi språket vårt enno ikkje klarer å fange denne røynda? Denne tiltrekninga, denne mørke straumen, er valdsam, men er han nødvendigvis vond? Naturen er ikkje å spøke med, orkanar, tsunamier, jordskjelv, det i seg sjølv er neppe bevis for at det ligg ei vilje bak. Det vi, det eg kallar Satan her, er ikkje meint som ein vond storleik, men ei mørk kraft, mørk i tydinga av å ikkje vere forståeleg, og truleg i same kategori som svarte hol, så svarte at dei sluker sjølve lyset. Valdsamt, like valdsamt som livets krins, utan natt, ingen dag.