mandag 5. desember 2011

Kamp mot kven?

I Morgenbladet 46 drøftar Ane Farsethås det politiske ved Knausgårds Min kamp. Ho påstår Knausgård er kontrær, han er mot noko, litt uvisst kva, og i kor stor grad han eigentleg skil seg frå det han opponerer mot. Ho konkluderer med at vi nyt han best utan det politiske i høgsetet. Ho drøftar tilsynelatande både venstre- og høgresida, men utan å nemne det eg ser som den primære konflikten -  kampen om ein vil - på dagens kulturelle arena.

I byrjinga var det solstadske ordet?
Klassekampens Hverven blir sitert på at "Store norske romaner har … vært skrevet opp mot Solstad og Fløgstad og den type venstreintellektuelle … Knausgård … prøver noe annet." Farsethås sitt poeng er at dei kanskje ikkje er så forskjellige, det går eit individualistisk spøkelse gjennom begge, og kanskje var det heller Jon Fosse som var første skeptikar til sosialdemokratisk utopi. Uansett er både Solstad og Knausgård intellektuelle skrivande. Men kvifor skal ein alltid dra fram Solstad i debatten om bøker og politikk, som dette jo er? Han var blodraud på syttitalet, har no blitt mindre raud, la gå. Men kva med dei han og alle andre som prøver å skrive noko originalt kjempar mot i det daglege, kvifor nemner ingen dei?

Dei kulturinteressertes kamp
Det er på høg tid at tittelen "Min kamp" kjem på dagsordenen. Det er merkeleg at det ikkje har skjedd før, at familiekonflikten og personlege spenningar har fått lov til å overskugge. I bind nummer 6 kjem omsider drøftinga av Hitlers original. I artikkelen sin kjem Farsethås inn på Anders Breivik, som seg hør og bør, tydelegvis, viss ein nemner Hitler i Noreg no for tida. Det er altså den vanlige spenninga som blir teikna opp, frå Akp/ml på syttitalet til nazistar. Men kor blir det av hovudkampen? Er det ikkje lov å snakke om den? Alle politiske parti i Noreg snakkar i vekslande grad om kultur og litteratur. Men eitt parti skil seg ut, dei er kjent for å konsekvent gjere kulturpolitikk til salderingspost - Framstegspartiet. For å sette det litt på spissen: Kvifor skal vi kjøpe inn bøker og gi forfatterar stipend når det ligg folk på gangen på sjukeheim og sjukehus? Og når små bedrifter som prøvar å komme seg opp, blir drukna av skatt og avgifter?
      Det er ikkje slik at Frp er mot bøker. Dei likar bøker som folk flest likar, slike som folk kjøper på ærleg vis, fordi dei er interessert i denne vara. Dei er jo folkets parti, som dei seier. For å halde Knausgårds noko uvanlege opplagstal utanom, likar dei altså Ragde, Nesbø og Samartin, slike som ikkje treng sårt tiltrengte sjukeheimsmidlar for å overleve. Kvifor blir ikkje dette omtala oftare i Morgenbladet og andre media som det det er, ein kulturkamp mellom dei som likar/ er interessert i kunst, kultur og litteratur og dei som ikkje likar slikt, og heller ikkje vil vere med på å betale for det? Enten må det vere arroganse: Dette veit vi. Slik er det. Vi gidd ikkje bruke spalteplass på dei som stemmer Frp. Det er under oss. Eller ein slags kjensle av konsensus: La gå, vi skal ikkje snakke stygt om dei som ikkje likar kultur. Vi er alle nordmenn. Men er det rett mot kulturen? Treng vi ikkje heller ei tydeleg røyst som klårt går ut og forsvarar Solstad og Knausgård, og ikkje plaskar rundt i badekaret med dei eventuelle forskjellane dei i mellom? Er det ikkje greit å seie frå at vi synes ikkje lenger det er flaut å bruke tid på å lese vanskelege bøker, vi synes det er heilt greitt å betale, via skattetrekket, for at også ein smal kunstnar kan lage verk som ikkje trekker nok publikum til å forsvare det kommersielt?