mandag 9. juni 2014

Uppdal. Men ned att i skogen, skumle-mumlande



Uppdal kanskje gal. Skreiv Noregs kanskje vanskelegaste diktverk, i alle fall eit av dei beste og mest originale. Skreiv om gudom og sendebodet deira, Kulten. Kulten steig ned, gjekk atter opp att frå menneskeætta. Men alltid inn i skogen. Alltid inn dit for å tenke, meditere eller kva det no er ein går inn i skogen etter. Alle skal på død og liv inn i denne skogen. No har eg gått inn i skogane, skreiv ôg Knut. I bok etter bok var det dette med skogen, rote seg inn i, tugge seg fast, komme seg meir eller mindre ut av, sjølvsagt ikkje for godt, berre eit mellombels opphald ute ved kysten, i ein småby der ute mellom svaberga eller helst ein skysstad med krambod og bortskjemte rikmannsgjenter. Skogen, han som er mest av skogen, han Isak, han likar vel ikkje skogen, ryddar han vekk, skapar noko som ikkje var der frå før, helst ikkje heller vil vere der, om skogen får det som han vil, som han får, om ein ikkje passar på som ein smed, nær så sagt, som ein skogbrenningsmann, skogryddingsmann, bondemann. Alle dei store skriv om skogen. Ser ikkje skogen for berre treet i sitt eige auge.
      Men dei låge. Å, dei låge, dei som kryp under dei store, kryp og kravlar som lopp og lus. Som no Mikkjel Fønhus. Å, kor sakte han skrukkar seg fram i skogen, langt der nede, så langt inne at sjølv med innskrudd kikert på plass på Theaterkafébordet ser dei store han ikkje, ser ikkje Mikkel der han skiten på ei bukse som allereie før dette har sett sine beste dagar rotar rundt i graset og lèt seg fange inne i både det eine og andre krypet, om ikkje ein elg, eller bever, eller ein hauk som flaksar oppi der og vel på eit måte har oversikta over det heile, men ikkje eigentleg. Er ikkje så mykje snakk om å ha oversikt, som å bre over seg mosen som var det ei dyne, bryte seg inn som «Gaupå» i ei forlatt jakthytte for der å mest stryke med, og ikkje forlèt før han har fået varige merker av den. Tilbake til den der buksa: Dottera skjemtes gæli av buksa, av alle kleda. Det var ikkje så nøye, aldri var det så nøye kva han hadde på seg, men det var no så si sak å bli henta av farande fant på sykkel, tidleg miljøbevisst, dampa ikkje rundt i forureinande doning, dingle-dangla burtetter i gamaldagse, ihel-bøtte klede, dar kjem skrømtet og skal hente ho Gudbjørg! Å, han var redd for ho, i overkant, virkar det som, det skulle ikkje store forseinkinga heim til før han Mikkjel reiv seg på trøsykkelen så det kvein i grusen og dampa frå slitte buksebakar. Jegerbrok, det var slik det var, om ho no ikkje nett var laga av skinn, ser ikkje slik ut frå bileta, men jegerbrok var det lell, er vel ikkje rart han ikkje vart teke på ålvor av dei store med berre ei tynnsliten jegerbrok. Ikkje drakk han heller, kan ikkje lite på nokon som ikkje drikk, det er noko alle veit, alle veit ôg at alle forfatterar drikk, likar flaskå, men ikkje Mikkjel. Var mot det meste, han Mikkjel, ikkje nye klede og ikkje bil og ikkje drykk, på hotell Bristol skulle han berre ha to kakskiv med brunost, silk forlangte han av det avanserte kjøkkenet, men var no eigentleg det ein artig historie å ha etter seg? Ikkje nett av Knuts kaliber, Knuts rabiate slipsfylle i Stockholm.
      Ut av skogen, men berre litt, det er så lite at det kanskje ikkje er å snakke om, for det er berre ut til skogbrynet. Der sitt han, guten i MongoBuksa, han som ikkje er som oss andre. Gut og gut, firti år har han blitt, Tusten hans Vesaas. Skogbok som noko, der i skogen står dei, står Mattis-og-hege-trea til spit, før lynet skurar vekk. Så liten, så liten er Tusten, i eigne auge, men så himla stor, visstnok, for ettertida, for her får vi innblikk i dei mongoloide bukser, må vite, får vite at dei har livets rett, dei i dei buksene der, dei ôg, er som oss, berre litt annleis, skal ikkje bli dømt for skysstasjonens vekkroting av handbagasjen deira. Slik er det, det er store ting, store raude jern, kanskje, i alle fall større enn elg, gaupe, huskattar som slit seg, å ja, for det seier folk, folk veit det vel, dei. Men Mikkjel hadde skikkelege skogsbukser på. Fine var dei ikkje, men dei sigla ikkje under falskt flagg, dei var verken underbukse- eller andre type piratar. Han Vesaas sine bukser, derimot. Dei var moderne. Tilsikta utspekulert i snittet. Luskebrok, luskebrok, kor har du gjort av deg? Der! Og dei der, dei i moderne brøker, det var litt av nokre karar. Dei skipla um heile skrivinga, som no han Uppdal vi byrja med. Slik var dei, men var no Vesaas slik, eigentleg? Hadde han ikkje berre lest amerikanaranes William gong og gong igjen, særleg Ljoden og Vreiden, lest og likt, men kanskje ikkje forstått? Han blir for stutt, han Vesaas, når ein stiller han i den ruvande skuggen av dei moderne heltane sine, som han helst ikkje snakkar om. Snakkar mykje heller om skogen, og dei som bur der, han seier det er slik og slik, og stegar liksom inn, men han kjem seg jo ikkje inn, ikkje eigentleg. Det var jo William’ane, det, som kom seg inn, som trengte seg gjennom på kvar sin kant. Og Mikkjel, kva med han, er det ikkje betre å gnure der inne, der sola ikkje skin, nær så sagt, i oppriktige bukser, i staden for å butte opp og prøve å reise seg, grabbe og klore og reise seg på skuldrene til ikkje umtala gigantar, berre for å bli brent av sola? Og det verste av alt, tilsynelatande vellukka, for er han kanskje ikkje god til å vere norsk, god nok, evi’ nok, gneistrande til å vere av fjellapeslekt; tal no berre ikkje om kven han apar etter, for ei fjellape ape, ho. Jo jo, det var nokre, nokre få, det var dei to som laga buksene sine sjølve, heilt frå scratch, han Uppdal og han Knut, jau, men dei var no liksom eit skritt vidare, det var mest så dei ikkje var aper i det heile. Det er vel best vi ikkje snakkar om dei.