fredag 13. april 2012

Norsk viralisme


I Morgenbladet-samtalen på Kvarteret i Bergen samtalte Håkon Gundersen med Eirik Vassenden om sistnemntes kommande bok "Norsk vitalisme". Det store trekkplasteret, for meg, var den annonserte og friske koplinga mellom Hamsun, Garborg og Thure Erik Lund. Forventninga var ein interessant time i eit stille lokale, ingen av dei tre, eller temaet, kan seiast å vere i medias søkelys. Forventninga vart gjort til skamme. Folk i fleire aldrar møtte opp, låtten sat laust. Gundersen må ta æra, eventuelt skamma, for dette, med si uhøgtidelege tilnærming, mellom anna med humoristisk nedrakking på eiga avis tidlegare over-intellektualisering i tittelen "Transcendens i immanensen". Når ein held dette mot den store auken i opplagstal, er det nærliggande å tru at avisa no har "sold out", blitt for folkeleg. Kanskje det, men på onsdag virka det forløysande for temaet. Vassenden har nemleg skrive ei bok der han dreg fram frå gløymselen forfatterar og litteraturvitarar som ikkje har fått den plassen dei etter kvaliteten på arbeida sine burde hatt. Særleg modig var fokuset på Åsmund Sveen, offisielt- og folkefordømd etter innmeldinga i NS, truleg òg si seksuelle orientering. Dette kling saman med den venstreintellektuelle Sigurd Hoels kommentar om Hamsun allereie på femtitalet, mildt sagt mot folkeopinionen. Det som likevel stod igjen som det ypparste, var måten både Vassenden og Gundersen drog fram Kristofer Uppdal, som trass i Arild Byes flotte biografi frå 2010 framleis vakar rundt i skuggeheimen. Kulturfolket bør vere meir kry av ein landsmann som presterer ei trebinds alternativ gudebok på arkaisk trøndersk enn stoda er i dag. Eller i det minste dra fram dei lettbeinte, men drivande gode romanane. Forhåpentlegvis vart folk både smitta og opplyst. I ei tid formørka av enten overskildrande, kvardagslege, navleskuande eller krim-drivne bøker, lyste dette opp som eit pulserande alternativ.