tirsdag 28. januar 2014

Krigen mot grinebiterane

Dag for dag dei siste åra har grinebiterane vunne fram. Dei har tvinga kvardagen på oss, sin kvardag, i skildringa av fleire og fleire detaljer, i insisteringa på at det er berre ei røynd, Du Skal Ikkje Ha Andre Røynder Enn Meg - Røynda! Ei røynd der det ikkje er plass til Vondskapen og hans Disiplar: Ironien! Humoren! Hyperbolen! Den Giftige Slangen Og Dryppet Hans: Sarkasmen! Men alt er ikkje tapt. I mørkaste timen: Den mektigaste stikk sitt ( ufotografert dei siste femti åra, bortsett frå eit snuskete CNN-innslag i 1997 ) hovud fram. Han svingar sverdet, skarpare enn Nobel-komitéens politisk korrekte og sørgeleg sløve pennekniv: "As if somehow irony ... as practiced by a giggling mincing fifth column, actually brought on the events of 11 September, be keeping the country insufficiently serious - weakening its grip on "reality". So all kinds of make-believe - ... - must suffer as well. Everything has to be literal now." ( frå Thomas Pynchons Bleeding Edge, s 335 ). Ha!