mandag 19. mars 2012

Scrotum in the sea

I gamle dagar, på sjøen, om natta. Navigere etter stjernene og visdomen til dei gamle. Lenge før gps. Skulle ein tru. I ei ny bok om stillehavsfolket, Islanders, kan Nicholas Thomas fortelje eit og anna om dei gamles triks som i alle fall for meg var nytt. Dei beste navigatørane nytta ikkje berre sjøkarta dei hadde i hovudet, og observasjonar av fuglar i flukt, dei senka stellet ned i vatnet for å sjekke temperaturen. Det blir interessant å sjå om dette dukkar opp i den komande norske storsatsinga Kon-Tiki. Ein Thor som senkar seg ned under oppsyn av ein lokal ekspert. Som ein villeg leresvein.