lørdag 22. mars 2014

Tå gùdom - meir mas om Uppdal



Skrive godt, skrive dårleg, skrive smalt. Mange skriv, kor mange har skrive eigen religion? Ikkje like mange. Uppdal skreiv eiga gudebok. Laga eigen religion; er du gal? Uppdal rekna som gal, var på galeheim. Ikkje særleg dramatisk, la seg sjølv inn. Men ordet fangar, Gaustad fanga. I svar på melding om gudeboka ( slett ikkje, og på ingen måte: Svar på brev frå Helga ), Kulten ( 1947 samla utgåve, består av tre meir eller mindre separate bolkar, dels gitt ut før ), i meldinga stod at han var gal, det likte han ikkje, tilsynelatande: Hadde ikkje vore for advokat Puntervold, hadda han enno vore innelåst. Den gale har altså gløymt korleis han hamna på galehuset.
      Kor mange prøvar skrive gudebok? Skrive det dei får tå gùdom, sendt til dei, mottek gjennom håret, kanskje, så dei skranglar blått, elektrisk: «I sizzled in his volt like a desert prophet»? Kanskje mange i dag, men dei bur på sinnssjukehus i delstaten New York ( «American Horror Story», sesong 2 ). Mange, kanskje ikkje noko spesielt, blir heller ikkje meir spesielt av å påpeike at kanskje ikkje spesielt ( har fått høyre at eg slår inn opne dører, men ikkje om dette, ikkje om Uppdal ). Uppdal likevel spesiell. Er ikkje gal, i same innlegget, svar på tiltale ( ikkje på brev, frå Helga eller andre ), er ikkje redd for å snakke om sinnssjukdomen sjølv, om han er sint når andre gjer det: Er ikkje sinnssjuk. Kor det no er, gal eller ikkje. Kulten er eit originalt verk. På alle tenkelege vis som ordet innbyr til å tenke. Eit heidensk forsøk på å lage religion. Kanskje ikkje, kanskje seier han det berre. Kanskje er Kulten ikkje ein profet, er berre diktar. Diktaren står utanom, kan ikkje med menneska. Kulten er diktaren er Uppdal, ikkje her, ikkje der, ikkje heime nokon plass. Ikkje kapitalist, ikkje kommunist, på ei tid der ein versågod måtte vere ein av delane. Snåva mellom stolane på Arbeidernes Hus. Men verken diktaren eller profeten drit likevel i menneska, om dei saktens har grunn til det, begge to. Prekar til dei. Prøvar, på sitt vis, å frelse dei. Frelse dei som ikkje frelsast vil. Hadde det vore enkelt å frelse, hadde det ikkje heitt å frelse. Hadde ikkje tydd det det vel tyder. Omvending. Ingen likar å bli snudd. Alle grin som spedbarn i vogga. Når dei blir lagt på ryggen.
      Gudane talar trøndsk. Stig ned frå Trondfjellet, talar. Kulten på arkaisk trønderdialekt. Frå det spesielle til det universelle, ja ja, ikkje noko spesielt i det. Alle gudebøker kjem frå ein kultur, kjem i ei språkdrakt ikkje for alle. Oversetting er å be om misforståingar. Gå ut og spreie ordet er å spreie sjukdomen: Halvveges forstått, halvveges forklart. Ein mann som ropar om gud er sinnssjuk. Fleire som ropar: Er religion. Må for einkvar pris ikkje trakkast på. Må verjast. Herregud, om nokon seier eit skeivt ord om nokon som trur. Eller teiknar villfaringa deira. Slik psykiateren viser teikningar, blekkflekkar, til den einslege skrullebusken. Tullerusken.
      Skreiv, Uppdal skreiv seg inn og ut av forstanden, inn igjen, ikkje inn i samfunnet. Endte livet med kortspel og krim, fy faen så tragisk. No ja, ikkje på ein måte, sette til dømes ikkje Jokeren i vrangstrupa. Men på ein annan måte likevel. Sakte kaldkveling. Garrottering av diktaren som eldre mann. På ein avsidesliggande fjellgard, der nokon lèt han bu, ikkje familie, må ha vore fans. Dåtidas kulturkjerringar. Hadde ikkje familie sjølv lenger. Kjerring og eine ungen daud. Sonen i Oslo. Slik sett daud på ein annan måte. Trønder og dritlending, sit ikkje i eit tre. Tenk å falle så langt frå trøndertreet at ein ramlar ned på Dritlandet.
      Kultens tredje del: Løysinga. Kulten daud og skolten trædd på stake. Ein einsleg stake. Utanfor, utanfor dei andre, til og med rallerane, Dansande gjenom skuggeheimen, kven er skuggane, det er sjølvsagt dei døde. Og gudane. Dei døde gudane, ròtnande, ein ill-têv, vekt til live igjen: Som skrømt, som figuren «Kulten». Frelsande ingen. Førande til inkje anna enn nedstemt gruvling. Tuggande fast på hjernens skrotløkker, slik berre den beste litteraturen gjer. Litteratur er ikkje godt for noko som helst. Det veit vi, dei frelste.