mandag 9. januar 2012

Smale bøker vs folket

I eit innlegg i dag i VG, papirutgåva, legg eg meg inn i den pågåande bok-debatten i media, eller kva ein skal kalle han. Men med noko uheldig sidetekst. Eg dreg fram Nesbø og Ragde, ikkje for at dei skriv gode bøker, det gjer dei slett ikkje, dei skriv bøker som folket vil ha. Debatten så langt har fokusert på at omsetninga av norske skjønnlitterære bøker ikkje står i høve til talet på utgivingar. Og at det er berre nokre få titlar som sel "nok". Det tydelege poenget, som til no, merkeleg nok, har blitt oversett/ ignorert, er at folk flest ikkje veit best. Folk vil ha underhaldning, ikkje kvalitet.