onsdag 29. august 2012

Anderledeslandet 3.0

Annleislandet er ifølgje rapportar eit av dei beste landa å leve i.
      Annleislandet ser seg sjølv som ein fredselskande nasjon. Det tek i mot sin del av folk frå krigsherja land. Dei seier det er så roleg her. Så stilt. Det er ingen skot om natta.
      Annleislandet ser seg sjølv som ein fredsskapande nasjon, med Oslo-avtalen som den rett nok ikkje eintydige krona på verket.            
      Annleislandet blir knust 22.juli 2011.
      Annleislandet blir svike av ein av sine eigne.
      Annleislandet får ei heil verd til å gråte i sympati. Rosetog. Kjærleik mot hat.
      Såra til annleislandet blir rivne opp igjen av den lange og horisontfyllande rettssaka mot barnemordaren.
      Kommisjonen avgir omsider sin rapport, ein knusande kritikk av ting som ikkje fungerte. Det er mykje.    
      I det pressefrie annleislandet kan ein seie nesten det ein vil, om kven ein vil, særleg om eigne styresmakter, utan frykt for konsekvensar. Bortsett frå om religion, så merkeleg heilagt i eit land utan statsreligion.
      Dagen etter kommisjonens rapport forlangar så landets største avis statsministerens avgang.
      Det er så rart, det er som å vere på feil klote.
      Er det statsministeren som har skulda for ein terrorists groteske ugjerningar?
      Er det annleislandets meining at dei amerikanske, spanske og britiske leiingane burde gått av etter åtaka i 2001, 2004 og 2005? Er det altså vi som gjer prosessen på rett måte, og dei på feil? Er det vi som har fasiten?
      Er det mogleg å vedta sikringstiltak for at alle skal vere gode?
      Er vi så annleis og høgare utvikla enn alle andre, er det slik at ansvaret til sjuande og sist må gå på det sosialdemokratiske systemet?  
      Og trass i rettsavgjerdsla, er det slik at mørk vondskap kan utgreiast og forståast?