fredag 15. februar 2013

Amerikasjuka



Morgenbladets Eriksen melder ny film. Er god film, er: «filmatisk virtuositet». Hovud-personen måteleg god, attpåtil kvinne. Er den kollektive prosessen i jakten på ein mann som blir vist. I tilknyting til dette ris: «Men dette er en amerikansk film: Den må ha et begripelig plot, og den må ha en helt(inne).» Æsj. Nok ein gong har amerikanarane glefst i seg – som  var dei rabiate Wall Street-ulvar i spjæra dressar – ei god historie, øydelagt ho. Er ikkje første gong, skjer grunna mangel på ( europeisk ) kunnskap, mangel på tradisjon, mangel på vare ( europeiske ) kjensler, for lite mangel på kommersialitet. Blir endå verre: «[viser] brautende og lite fintfølende … amerikansk framferd». Sjølv om «skurken» blir teken til slutt er det «på amerikanske premisser». At skal gå an vere så falsk, ta vår felles kulturarv og …
      Nei, vent litt.  Er ikkje dette Zero Dark Thirty? Er ikkje om jakten på mannen bak åtaket på ein amerikansk, og ikkje europeisk by? Laga av amerikanar? Attpåtil dame? Blir rett å lage film på europeiske premisser om amerikansk hending, amerikanske reaksjonar? Ja, men amerikanarane drepte i kaldt blod. Er ikkje slik det skal gjerast. Veit, som danna, humane europearar at kriminelle ikkje er vonde. Er synd i dei. Kjem frå vanskelege forhold. Skrale oppvekstar. «Terrorist» finst dessutan knapt, og slett ikkje utan hermeteikn. Eit blærete, kapitalistisk folkeslags demon er anna, undertrykt, urettvist behandla folkeslags helst. Kjem an på perspektivet. Plassér i verste fall vedkomande i Genevekonvensjonsratifisert celle i 21 år. Dersom ikkje dette gjer susen ( er svært sjeldan ), be så om yttarlegere forvaring. Å oppføre seg som Amerika, rykke inn gong på gong der dei ikkje høyrer heime: Er utilgiveleg, er meir enn imperialisme, er sjukdom, er Amerikasjuka. Er ein kvar europears plikt å påpeike dette, som gode Eriksen, er vaksine, så ikkje fleire blir sjuke. Best er det å sleppe alle synspunkt til, heile tida, i ein open, relativistisk, europeisk kollektiv straum. La alle innfall og tankar ramle rundt som i Ulysses. Ein straum, ein draum realisert: Alt er gyldig, alltid.  Verda er nemleg, som Ulysses, kompleks, på grensa til uforståeleg. Er ikkje slik at nokon er vonde og må takast, er ikkje slik at nokon er gode og må ta det vonde. Er derimot slik at det er farleg å sjå for mykje på ( amerikansk ( bortsett frå Allen ), anna-enn-Bergman-Fellini-og-raust-inkluderte-Almodovar ) tv og film. Er farleg, fordi ein då kan tru at det er eit mønster i hendingar. At noko skuldast  noko som ikkje er fleirdimensjonalt. Ein farleg infeksjon som får hjernen til å meine at to krefter kjempar mot kvarandre, som var det Vader mot Skywalker, Ahab mot kvalen ( ? ). Gud mot Lucifer. No ja, det siste er forresten religion, einaste som framleis er heilagt, ôg for ikkje-truande, langt bortanfor kritikk. Uansett: Om uhellet skulle vere ute, og ein blir «offer» for ein «terror»-aksjon, er det ein veg å gå: I terapi, for der å lære å tilgi den nærmast tilfeldige agenten for komplekse krefter på ein skodeplass som like gjerne kunne vore ein annan stad.