fredag 6. juli 2012

Farlege vegkryss og kaldhjerta kvinnfolk


Var tittelen på konkurransen som Kvam Mållag og/ eller den litterære avdelinga av festivalen "Bygdalarm" utlyste i vår, der det var om å gjere å gjendikte bluesmusikaren Robert Johnson til nynorsk og/ eller dialekt. Underteikna vann, eg skal slik til Øystese denne helga og høyre "Ascona blues" bli framført av ein eller annan kassegitarist. Originalen er jo då "Terraplane Blues", Johnson var arbeidskar og spelemann, slett ikkje rik, men ein Terraplane kunne vel dei fleste få råd til, slik Ascona breidde om seg på den norske bygda for nokre år sidan. 

      Robert Johnson fascinerte først ved det urytmiske i uttrykket. Det er ikkje mykje 4/4 over gitarspelet, det går i rykk og napp, over og under og kring tekstlinene, nærmaste parallell blir enten progrock eller for så vidt gamaldans, som om det er fælt og gampete har ein "snerk" i takten. Meir enn ein gong vart kassetten, mediumet den gong, rykt ut av spelaren, mistenkt for bandsnurr. Så, godt i etterkant, flaut sogene inn, dei om at han selte sjela si til djevelen, at det faktisk er Robert Johnson som er grunnlaget for alle desse meir eller mindre moderne vriane, som til dømes "Crossroads" med sjølvaste Steve Vai som djevel ( spelar- )en. Og det beste, at han visstnok, kort tid levde han, minna endrar seg, vitna døyr, spelte med ryggen til både lydopptakar i studio ( det er òg eit rykte om at opptakaren stod i naborommet, det er vel godt påsmurt ) og publikum på dåtidas røykfylte bluesbuler, ikkje fordi han var sjenert, men fordi han var livredd for at konkurrentane skulle plukke triksa hans. Hadde han levd i dag, hadde han altså ikkje heldt klinikk på Hagstrøm Musikk i Bergen, eller sprøyta ut instruksjons-DVD'ar.

      Vel møtt på Øystese for dei som vil, kl 15 på eit truleg skilta arrangement.