fredag 18. januar 2013

Trolltale



Professor Peter Larsen gir ut «Ibsen og fotografene», blir i høvet intervjua av Bt. Overskrifta spennande, «imagebyggeren Ibsen». Ibsen hadde eit nært, nøyaktig forhold til bilete av seg sjølv. Larsen ser ei tydeleg utvikling. Så, med eitt, hoppar noko ut. Hermeteikn. Ibsen hadde krav til eit «vellukka» bilete. Javel. Meiner journalisten, eller professoren, at eit bilete ikkje skal vere vellukka? At det skal vere på halv åtte, på gefühlen, slik det fell seg? Spontant, etter moderne norm? Eller er meininga at Ibsens oppfatning av «vellukka» er feil, nei, meir, latterleg? Kjem meir, kjem: Jaså, du-prikkar … Han er åleine på bileta. Finst knapt eit der han er med andre. Ikkje eingong med kona og sonen! Han hadde ikkje huset fullt, alle skåp og skuffer, med bilete av artige kvardagssituasjonar og kvar minste utvikling av barnet sitt! Det er jo barnet som rår. Det er familien som er det viktige. Det er noko alle veit. Å insistere på å vere åleine, signaliserer at det verken er barn eller familie som er det viktigaste! Ja, la gå, han skreiv. Vart til og med kjend. Men kva så. Sjå berre på Knausgård, og alle dei tusen sidene hans, har han kanskje ikkje ein tre-fire ungar, har han kanskje ikkje meir enn nok å skrive om? Utan barn – inga framtid. Utan barn og kone – inga meining. Ibsen framstår nok, som professor Larsen ( eller journalisten? ) seier, som «bister», «streng», «tilknappa». Han skapte, og fylte, si eiga rolle. Han var ikkje det grann spontan! Han hadde ikkje framstått likandes verken på «Skal vi danse?» eller «4-stjerners middag». Trass i «Et dukkehjem» var han ikkje mykje av ein feminist. Neppe tok han oppvask. Og bleie skifta han vel ikkje i heile sitt liv Men Ibsen kom frå ei anna tid. Det er ikkje utruleg at han var med på å skape si eiga samtid.. Skal han likevel dømmast ut frå våre parameter? Veit vi, og professor Larsen, så mykje betre enn verdas nest mest spelte dramatikar? Kan det vere at Ibsen prioriterte annleis, at han ofra alt for kunsten sin, og såg bileta som ein del av dette? At han var litt meir enn seg sjølv, var litt meir enn mann og far?
      Ikkje berre såg Ibsen streng ut, han lurte oss! Han var nemleg liten av vekst. Og likevel hadde han ikkje vit nok til å stå ved sida av andre, eller helst ein meterstokk! Men, heldigvis. Då han døydde, seier Larsen, tok dei bilete av han. Då såg ein at han berre var ein heilt vanleg, gammal mann. Med fare for å pådra vrede frå bergets djupn: Dette må vere trolltale. Eit slik heftig forsøk på å trekke Ibsen ned frå pidestallen, ned til oss andre: Du er ikkje det spor betre enn oss! Det er meir enn jantelov. Meir innbitt. Må komme frå dit sola ikkje når. Må vere frå ein trollunge som ikkje likte å måtte lese dei rare, gamaldagse orda krota ned av den sure, skjeggete mannen, som ikkje skjønte at ikkje trollskulenemnda hadde fjerna det frå troll-pensum for lenge sidan. Ein mann som er frekk nok til å la ein karakter seie at han ikkje vil ha trolljente, ikkje eingong hale! Men det er håp i hengande snøre. Alle troll blir ferdige på skulen og blir, til sist, til seg sjølv, nok. Så forstår dei berre seg og sitt, karrar seg gjennom kvardagen, forhåpentlegvis utan mose i trollbleien, treng slett inga Nora, Thorvald, Osvald eller syfilisen hans. Måtte einaste vere om det kjem ei bok med bilete ein kan bla i, eller kanskje klikke og strøyme ein adaptasjon med dei heitaste to-  og tjueåringar frå Trollywood i hovudrollene.

fredag 11. januar 2013

Morgenbladets Oppstigning



Opplaget til Morgenbladet aukar jamnt og trutt. Nisjeavisene styrkar seg når tabloidane døyr. Morgenbladet, Dag og Tid, Klassekampen er ôg noko anna, tilsynelatande tilfeldig slengt på stovebordet, er symbolsk kapital. Er intellektuell kapital. Men kapitalen er stram. Er streng. Intellektuelle fuglar spøker ei. Ikkje etter 22.juli. Smilet størkna på dei lure lepper.
      Motgift: Boka, utgitt i eit uvanleg samarbeid mellom forlag, innhaldet eit akademisk samarbeid, strengt teke heller ikkje vanleg i Slagstad/ Langeland-tider. Høgst nødvendig. Og: Innhaldet generelt i Morgenbladet, og debattsidene spesielt, har teke motgifta i seg. Stort sett bra. Men: Er det bra at ein må minst ha doktorgrad for å ytre seg, eller i det minste vere tilsett ved eit klima, biologi - eller hjerneforskingsinstitutt, enten 22.juli eller fagleg disputt er emnet? Kan vere redaksjonen tenker at lesarane må oppdragast. Så mykje opplaget har auka, er det vel ikkje berre akademisk tilsette som les avisa ( lenger? )? Kan hende har vi godt av å få banka inn reglane for sober meiningsutveksling. Kan hende treng vi å bli oppdregne. Men er det berre doktorane som kan fylle denne rolla? Er ikkje eit forsvar for folket. «Folk flest».  Er eit spørmål om kor det blir av dei spesielle. Raringane. Dei som har ei meining om noko anna enn det komande valet. Anna enn hjerne. Anna enn klima. Anna enn biologi. Anna enn ignorert poesi, austblokk eller heimleg. Poesi er, nemleg, det spesielle som er lov å dra fram i glaninga, i ålmenninga.
       Finst andre raringar, finst dei som er så rare at dei ikkje eingong skriv dikt! Så rare at dei stundom gløymer hygiena. Når dei opnar kjeften, har dei då gløymt å pusse seg med debatt-krem, kjem slik ein gufs rekande, som på luft-fjøler. Gufsen blir ein ill-têv for den Oppstigande, den snart Oppstigne som squeaky skrubba har lagt det der spesielle bak seg. Som ikkje finn plass til den nedkrøkte nærsynte, som ikkje forstår at det skal vere så lite relevant å sjå dei openberre fellestrekka mellom ekstrem-orkesteret Cannibal Corpse og filmskaparen Woody Allen, begge frå eit noko vidare kulturlandskap enn det norske, og begge med eit, derfor, kanskje, så vidt syn på døden at det blir stammande smalt. Ikkje forstår svaret om at folk ikkje vil lese om surkålens overraskande internasjonale rolle gjennom verdskrigane. Ikkje sluttar å bry seg om moderne teknologis nye rolle som eit av dei få lovlege våpna mot verdsreligionanes framleis klamme kvelartak, endå det ikkje er politisk korrekt.
      Høyr, O Gryningas Tidning: Skit på vengene skjemmer ikkje Den Sjølvsikre.