torsdag 27. februar 2014

Kommunistane. Tå gùdom

Olav Duun har dette å seie om kommunistane: "Helmer må le: guten er rød kommunist han, skire rødkløveren, ei ku måtte like han." ( Menneske og maktene )

Det er merkeleg å tenke på at landet var ridd av kommunistane i over ei dekade. Ei stor dekade. Kadranes dekade. Det er ikkje dei som har styringa no, bokstaveleg. Men dei er i dei fleste krokane. Skuggar, mørkret. På NAV-kontor. Kulturredaksjonar. Skular. Å, tante Raud har oppseieleg stilling no, på dei aller fleste skular. Ho er ( mest ) like hard mot kapitalistane som før. Men sèrs mild mot alle andre. Ein mild vind stryk frå det jordfarga fløyelsskjørtet der det fossar gjennom pedagogiske korridorar, med ein svak eim av gammalt lær og ung sveitte, kjærteiknande generasjonanes golv, skjørtet går til botnars. Elles passar ho på så ikkje det grå håret viklar seg fast i staga på den digre plakaten ho bêr på laurdagar, på demo i sentrum. "Berre sei nei til lårkort provokasjon!" "Ho er kaut, som går med skaut!" 

Det er ikkje sant at kommunistane ikkje har gudar. Dei har mange, dei kryr som lopp og lus. Dag Solstad heiter ein av dei. Det er lov å seie hans namn, men: Du Skal Ikkje Skrive Stygt Om Dag Solstad. I alle avisredaksjonar, til og med dei eigd av Schibsted, står denne ver varsom-plakaten. Ofte forkorta D.S.I.S.S.O.D.S. så ikkje nye vikarjournalistar straks går i fella. 

I eit mørkt laboratorium i Sverige prøvar kjønnskommunistane å koke opp eit nytt kjønn. Kva skal barnet refererast til som? "Hen". Alle veit at alt i Sverige må til Noreg. Det er absolutt som ei naturlov, som at skulane deira vart herpa av kommunane. Som der - så her. På grensa er dei synske. Dei treng berre ein kikkert, så veit dei kva som her vil skje. Inga Tandstad og Snåsamannen budde jo i Sverige. Det er slik det heile heng i hop.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar