tirsdag 4. februar 2014

Grinebiterane: Dei nye kommunistane

I eit elles middelmådig innlegg ( ikkje overraskande sidan Geir Gulliksen står bak ) i førre vekes Morgenbladet lyser ei fager innsikt opp. " ... eksistensialismen. Men etter at den gikk av moten ( og for noen må det ha skjedd ... samtidig med at ... norske forfattere ble kommunister ... )". Historien gjentek seg sjølv, det er sikkert og visst, som den tåpelege gamle Besserwissaren den er, resirkulert og trykt på grovt, rævopprivande papir. Frå oppegåande, reflektert eksistensialist til nedrig, verdsforenklande kommunist. Kven er Grinebiterane, Dei Nye Kapellanane, dei som hardnakka hevdar å ha rett til å definere god samtidslitteratur, nemleg den alltid skildrande, alltid masande om kvar ein liten ubetydeleg småting i ein travel småbarnsfamiliekvardag, kven er dei om ikkje dei nye kommunistane, like falske, like blinde for fantasien, for det ironiske, for det originale, og slik det eigentleg litterære? Deira røynd er ikkje mi røynd, er ikkje vår røynd, røynda er eit forbanna fengsel, ein skigard for ditt eige sinn. Røynda er politisk korrekt og heseblæsande uinteressant. Men Sovjet sprakk. Som ôg dei grå, jordfargekledde grinebiterane skal. Allereie er dei - krakelert.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar