onsdag 12. november 2014

Send ordføraren på skulebenken



I skrivande stund er Mannen endå ikkje rast ut. Skjer det ikkje snart, ebbar mediamerksemda ut. Men for eit køyr det har vore. I fleire veker har landets auge vore på Rauma og Romsdal. Det er ikkje kvardagskost. La gå, MFK har vunne Eliteserien. Men det er eit langt stykke igjen før småborgarlege Molde med sitt oppblåste sjølvbilete blir representativ for Romsdalen. At det ein gong var pressekonferanse på Åndalsnes ( ! ) blir derfor ei god soge til barnebarna, helst trur dei det er ei skrøne.
      I førre veke kunne Rauma-ordførar Lars Olav Hustad ( H ) opplyse om Mannen var omdøypt til «Seigmannen».  Vi skjøner. Det tek tid før raset kjem. Ha-ha. Flåsete, men kven kan halde det mot han, i slik ein mediastorm? Tenk om fjellet ikkje rasar før reporterane er trygt tilbake i Oslo igjen, kva då med Rauma-reklama? Det kan likevel ikkje stå uimotsagt. Mannen er då vittarleg romsdaling god som nokon. Og kva er ein romsdaling, om ikkje tung, treg og tagal? Dei tre store t’ane? Det er jo sjølve definisjonen, meir, det er eit heidersteikn. Slik har det blitt gjennom generasjonane, av slitet på attlega eller sjøen. Og i fjellskuggen. Ein blir ikkje kvikk og taletrengt under det mørke, massive, ruvande. Ein strebar ikkje etter merksemd og makt, når ein dagleg ser kor liten ein sjølv er ( men så blir ein heller ikkje gniten, som dei sør for fylkesgrensa ). Ein ekte romsdaling snakkar og handlar ikkje før han absolutt må. Kjære ordførar Hustad. Du er heilt klårt ikkje innfødd. Kanskje kjem du frå Austlandet. Nord-Noreg? Eller til og med Sunnmøre? I Amerika, som mange romsdalingar har utvandra til, er det slik at politikerane må kjenne veljerane sine, skal dei ha sjanse til å bli velt. Dei må forstå tenke- og veremåten deira på grunnleggande nivå, trass i, eller særleg viss, dei kjem utanfrå. Slik er det ikkje her, dessverre, må ein seie, når kven som helst tydelegvis kan hekte på seg ordførarkjedet. Men alt har si grense. Ordførar Hustad: Du må vær så god sette deg på skulebenken, som ein seier – og det er ikkje positivt meint, trass i samtidas ekstremfokus på kursing - du må lære deg meir om dei du er sett til å styre. Historie, tradisjonar, talemåtar ( eller mangel på slike ). Mannen dett ikkje før han er klar. Det kan det derimot godt vere at du gjer, om du fortsett som du stemnar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar