fredag 11. januar 2013

Morgenbladets Oppstigning



Opplaget til Morgenbladet aukar jamnt og trutt. Nisjeavisene styrkar seg når tabloidane døyr. Morgenbladet, Dag og Tid, Klassekampen er ôg noko anna, tilsynelatande tilfeldig slengt på stovebordet, er symbolsk kapital. Er intellektuell kapital. Men kapitalen er stram. Er streng. Intellektuelle fuglar spøker ei. Ikkje etter 22.juli. Smilet størkna på dei lure lepper.
      Motgift: Boka, utgitt i eit uvanleg samarbeid mellom forlag, innhaldet eit akademisk samarbeid, strengt teke heller ikkje vanleg i Slagstad/ Langeland-tider. Høgst nødvendig. Og: Innhaldet generelt i Morgenbladet, og debattsidene spesielt, har teke motgifta i seg. Stort sett bra. Men: Er det bra at ein må minst ha doktorgrad for å ytre seg, eller i det minste vere tilsett ved eit klima, biologi - eller hjerneforskingsinstitutt, enten 22.juli eller fagleg disputt er emnet? Kan vere redaksjonen tenker at lesarane må oppdragast. Så mykje opplaget har auka, er det vel ikkje berre akademisk tilsette som les avisa ( lenger? )? Kan hende har vi godt av å få banka inn reglane for sober meiningsutveksling. Kan hende treng vi å bli oppdregne. Men er det berre doktorane som kan fylle denne rolla? Er ikkje eit forsvar for folket. «Folk flest».  Er eit spørmål om kor det blir av dei spesielle. Raringane. Dei som har ei meining om noko anna enn det komande valet. Anna enn hjerne. Anna enn klima. Anna enn biologi. Anna enn ignorert poesi, austblokk eller heimleg. Poesi er, nemleg, det spesielle som er lov å dra fram i glaninga, i ålmenninga.
       Finst andre raringar, finst dei som er så rare at dei ikkje eingong skriv dikt! Så rare at dei stundom gløymer hygiena. Når dei opnar kjeften, har dei då gløymt å pusse seg med debatt-krem, kjem slik ein gufs rekande, som på luft-fjøler. Gufsen blir ein ill-têv for den Oppstigande, den snart Oppstigne som squeaky skrubba har lagt det der spesielle bak seg. Som ikkje finn plass til den nedkrøkte nærsynte, som ikkje forstår at det skal vere så lite relevant å sjå dei openberre fellestrekka mellom ekstrem-orkesteret Cannibal Corpse og filmskaparen Woody Allen, begge frå eit noko vidare kulturlandskap enn det norske, og begge med eit, derfor, kanskje, så vidt syn på døden at det blir stammande smalt. Ikkje forstår svaret om at folk ikkje vil lese om surkålens overraskande internasjonale rolle gjennom verdskrigane. Ikkje sluttar å bry seg om moderne teknologis nye rolle som eit av dei få lovlege våpna mot verdsreligionanes framleis klamme kvelartak, endå det ikkje er politisk korrekt.
      Høyr, O Gryningas Tidning: Skit på vengene skjemmer ikkje Den Sjølvsikre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar